Kjøper 80.000 tonn norsk olje

Kviterussland kjøper 80.000 tonn norsk olje frå Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen. Det skjer fordi Russland har stoppa eksporten av olje, melder nyheitsbyrået BELTA. Olja skal bli frakta med tog via Litauen.

Kulturprofil nektar straffskyld

Kulturprofilen som er tiltalen for ti overgrep mot ni forskjellige kvinner, og å ha hatt seksuell omgang med ei jente under 16 år, nektar straffskyld på alle tiltalepunkt. Det blei klart då tiltalen blei lest opp i Oslo tingrett tysdag.

Solberg-, Grande- og Ropstad-møte

Statsminister Erna Solberg, Venstre-leiar Trine Skei Grande og KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad møtar kvarandre tysdag for å fordela statsrådspostar. Tysdag morgon sa Høgre-nestleiar Bent Høie at det var mogleg at det kunne bli færre statsrådpostar nå.

Trump har landa i Davos

USAs president Donald Trump har landa i Davos. Han skal delta på Verdas økonomiske forum. Trump skal tala i løpet av formiddagen under forumet. Heime i USA er det berre timar til riksretten startar mot han i Senatet.

291 tilfelle av virussmitte

Kinesiske styresmakter bekreftar tysdag at talet på personar som er smitta av det nye corona-viruset, er oppe i 291, melder Reuters. Ifølge styresmaktene er ytterlegare 900 mistenkte tilfelle under observasjon, melder AFP.

Thunberg i opningsdebatt WEF

Den svenske klima-aktivisten Greta Thunberg seier lite har blitt gjort i verda for å kjempa mot klimaendringar, trass stor merksemd rundt temaet. Ho deltok i ein paneldebatt i regi av magasinet Time, då Verdas økonomiske forum opna i Davos tysdag.

Forbyr sal av fjørkre i Henan

Henan-provinsen i Kina forbyr sal av fjørkre på marknadar, melder Reuters. Det gjer dei for å hindra smitte av det nye corona-viruset. Henan er naboprovinsen til Hubei, som byen Wuhan ligg i, og der den antatte smittekjelda er.

Endrar ei sikting etter Sola-drap

Ein av de to mennene som har vore sikta for drapet på ein 44 år gammal mann i Sola, har fått endra skuldinga frå medverking til drap til medverking til ran og grov fridomsrøving, opplyser Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Mann rømt frå rettslokalet i Skien

Ein mann har rømt frå rettslokale i Skien, melder politiet i Sør-Øst på Twitter. Politiet leitar nå etter mannen med store mannskap, opplyser dei. Mannen er vurdert til ikkje å vera farleg for andre.

Seks døde av nytt corona-virus

Seks personar er nå døde av det nye corona-viruset, opplyser borgarmeisteren av Wuhan til den statlege TV-kanalen CCTV, melder AFP. Tysdag sa kinesiske styresmakter at 291 menneske er smitta av viruset som har liknande symptom som sars-viruset.