Handverkarar ber om skattefrådrag

Handverkarar ber om at skattefrådrag for oppussing må vere med i den neste krisepakken til Regjeringa. Direktør i NHO-foreininga Nelfo, Tore Strandskog, seier til Finansavisen at 95 prosent av bedriftene må permittere tilsette og får avbestillingar.