Fleire ukrainske lastebilsjåførar

Talet på ukrainske lastebilsjåførar i Noreg har meir enn dobla seg på to år, viser ei undersøking får Yrkestrafikkforbundet. Nå er 15 prosent av lastebilsjåførane som kryssar den Norske grensa, ukrainske, samanlikna med berre sju prosent i 2017.

Fleire overnattingar på Svalbard

Frå 2015 til og med 2019 auka talet på overnattingar på Svalbard med 30 prosent. Utlendingar stod for over 80 prosent av aukar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det var rundt 166.000 overnattingar ved hotella på Svalbard i 2019.

Koronaviruset i kinesiske fengsel

Fleire enn 400 tilfelle av det nye koronaviruset har blitt oppdaga i fengsel ei rekke stader i Kina. I Hubei, den sentrale provinsen der viruset først blei påvist i desember i fjor, er det påvist ​271 smittetilfelle i fengsel.

Fleire smitta i Sør-Korea

I Sør-Korea har talet på smitta stige med 48 personar, melder AP fredag morgon. Totalt er 204 menneske smitta i landet. 46 av dei nye smitta, er knytt til den kristne Shincheonji-sekta i byen Daegu, opplyser styresmaktene i landet.

Studentane tener mindre

Studentar tener mindre frå arbeid, men auka studiestøtte har i stor grad skjerma dei frå redusert kjøpekraft, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. 90 prosent av studentane i Noreg har arbeidsinntekter frå jobb eller næringsverksemd.

Vil ha klimaendringar på pensum

Norske medisinstudentar vil ha meir undervisning om korleis klimaendringane påverkar helse. Norsk medisinstudentforening og Legeforeningen oppfordrar nå medisinske fakultet å gje ei innføring i korleis klima og helse heng saman, skriv Dagens Medisin.

Dømt for voldtekt, overgrep og vold

En mann er i Bergen tingrett dømt til fengsel i åtte og et halvt år for voldtekt og seksuelle overgrep mot konen og en stedatter. Overgrepene og volden skjedde over en periode på 10 år, skriver Bygdanytt. Mannen er også dømt til å betale en erstatning på 900.000 kroner. Han kommer trolig til å anke dommen.

Saksøker Thomas Borgen

Ei gruppe investorar har saksøkt tidlegare Danske bank-toppsjef, norske Thomas Borgen, for 3,7 milliardar norske kroner, skriv den danske avisa Børsen. Borgen gjekk av som sjef hausten 2018, som følge av kvitvaskingsskandalen i banken.

Høgreekstrem trussel i Tyskland

I Tyskland er trusselen frå høgreekstreme veldig høg, seier innanriksministeren i landet, melder AFP fredag formiddag. Samtidig seier innanriksministeren at tysk politi vil auka til nærværet i heile landet og ved moskear.

Hanau-angrepet var rasistisk terror

Den tyske innanriksministeren Horst Seehofer seier fredag at skytemassakren i Hanau var eit terrorangrep med rasistisk motiv. Han la òg vekt på at angrepet var det tredje høgreekstreme angrepet på berre nokre månader i Tyskland.