Bergen presenterer restriksjonar

Bergen kommune held pressekonferanse om avgrensingar knytt til det nye koronaviruset. Ein av restriksjonane er at alle skal kunna halda ein meter avstand til kvarandre på serveringsstader. Minst 23 personar busett i Bergen kommune er ramma av viruset.

La ned veto mot grunnlovsendring

Parlamentarikarar i den myanmarske hæren har lagt ned veto mot ei grunnlovsendring foreslått av Aung San Suu Kyis regjering som har til hensikt å avgrensa makta til hæren, melder DPA.

Oslo Børs svakt opp

Oslo Børs stengde svakt opp tysdag med 0,49 prosent. Hovudindeksen gjekk opp ved opning, men mot stengetid var det meste av stigninga borte. Måndag stengde Oslo Børs ned 8 prosent – det verste fallet sidan finanskrisa i 2008.

Brann avlyser Spania-leir

Sportsklubben Brann har avlyst den planlagte treningsleiren til Marbella på grunn av koronaviruset. Brann skulle reise onsdag. Klubben melder selv om avlysningen på sine nettsider. – Smittesituasjonen som pågår nå er større enn oss i Brann, og mange kan bli alvorlig syke om de blir smittet, sier sportssjef Rune Soltvedt i en pressemelding.

FHI endrar reglar

Folkehelseinstituttet endrar nå reglane for kven som skal bli testa for det nye koronaviruset i helseinstitusjonar. Frå nå skal alle innlagte på institusjonar som har luftvegssymptom bli testa for viruset, opplyser FHI på heimesidene.

Uvêr stenger fjellovergangar

Fleire fjellovergangar er stengde på grunn av uvêr. Det er òg innført kolonnekøyring på Hardangervidda og fleire stader i Nord-Noreg. Blant anna er riksveg 13 over Vikafjellet og europaveg 69 over Skarsvåg – Nordkapp stengde som følge av uvêret.

Store svingingar på Wall Street

Børsane i USA steig kraftig då aksjehandelen begynte tysdag, men deretter gjekk kursane noko ned igjen. Måndag stupte Dow Jones-indeksen 7,8 prosent, S&P 500-indeksen med 7,6 prosent og teknologiindeksen Nasdaq med 7,3 prosent.