Rekordmange svindlar over telefon

Førre veke var det tre gongar så mange svindelanrop som for fire veker sidan, ifølge Telenor. Svindlarar utnyttar uvissa i samfunnet no under koronakrisa. Nummera som er mest brukt til svindel i det siste begynner på 908 og 909.